Category: Uncategorized


  • Havblikk på Heimarkpollen

    Me var fire padlarar som sette ut frå Kjempefaret og etter 18 padletak tok ei majestetisk havørn av frå åssida ved den speglblanke pollen. Me kom ikkje nært nok til å få det optimale fotoet, men brent inn på netthinna vart fuglens ferd likevel. Me padla Småstraumane, dykte, var innom etterlatenskapen i Hyltropollen, heilt inne…

    Continue Reading


  • Reiarlaget K. Halstensen er eit av dei etterkvart mange ringnótreiarlaga som sponsar padleklubben. Me takkar for dei 5 000 kronene.

    Continue Reading


  • 28. september 2020, Kontorsenteret, Storebø Møtt: Trond Hagenes, Rune Hevrøy, Karina Sandtorv. Forfall: Heidi Lorgen. For henne møtte Ida Storesund. Sak 1: Økonomi Innkommande sponsorinntekter kr 23 000. God pengeflyt i klubben. Saldo på over 250 000 kroner på konto, der om lag 230 000 er øyremerkte kystturhytteoprosjektet vårt. Innkommande sponsorinntekter på over 20 000…

    Continue Reading


  • Nesten måneskinstur

    – Wow! Me rundar neset mellom Drønspollen og Storavika. Fullmånen heng som ein lysande sveitaros over Loddo. Det er i seg sjølv verdt eit foto, men å eksponera månelyset med handhalde kamera i ein kajakk som rører seg med krusingane, ja det er ikkje nokon lett jobb. Fem havstrilar på klubbpadling, i kajakkane klokka 18:33.…

    Continue Reading


  • Reiarlaget Gerda Marie støttar Havstril padleklubb med 5 000 blanke kroner. Me takkar storleg for den rundhanda gåva til padleklubben sitt arbeid.

    Continue Reading


  • Reiarlaget Østerbris er igjen med padleklubben og sponsar oss med den nette sum av 10 000 kroner. Me takkar for støtta som kjem godt med, naturlegvis.

    Continue Reading


  • Magiske nordsida

    Det er eitt eller anna med den grå gabbroen, det store havet og skoda landemerket Marstein fyr medan du samstundes åretak om anna må konsentrera deg om det vesle draget som brått kan ta tak i kajakken of flytta han sidelengs eller skyta deg framover saman med straumen. Me var talrike denne veka òg –…

    Continue Reading


  • Flott på austsida

    Me vart berre fem havstrilar, men likevel fekk me med oss ein fint tur under den pittoreske gangbrua, via Lambøya, Komleøya (kvifor har ho fått det namnet, under me) til ein av favorittplassane våre, Saltskjersholmane. Det vart det ganske hustrig, og me hadde ein etter måten superkort kaffipause (utan kaffi, men med te for min…

    Continue Reading


  • Glimt frå grunnkurs

    Laurdag 29. og sundag 30. august gjennomførte åtte havstrilar padleforbundet sitt grunnkurs i havpadling. Laurdagen starta fredeleg med ein tur ut fra Sveholmen og sørover mot Indreøyane, der me me fokuserte på framdriftstak og søkte oss ut mot havdønningane. Me fekk litt dønningar å leika oss i før me padla oss inn igjen og åt…

    Continue Reading


  • Ny naustkode

    Me har ny kode på klubbnaustet, som me opnar igjen frå i dag fredag 4. september. Hugs at du må spirta alle kontaktflater etter bruk av kajakk, åre og spruttrekk. Du får kode ved å senda SMS til 988 74 253 med namnet ditt på.

    Continue Reading