
Det er eitt eller anna med den grå gabbroen, det store havet og skoda landemerket Marstein fyr medan du samstundes åretak om anna må konsentrera deg om det vesle draget som brått kan ta tak i kajakken of flytta han sidelengs eller skyta deg framover saman med straumen.
Me var talrike denne veka òg – åtte padlarar – ein av oss ein havstril med adresse i Midt-Noreg, men som nyttar høvet til å padla med oss når han er på morssida sin heimplass. Hyggelege medpadlarar har me hatt frå Vadsø i nord til Time i sør, om me ser attende i gamle medlemskartotek.
Det var ikkje heilt havblikk på nordsida då me stakk årene i retning Hillevika (trimturpoeng) og vidare utover til ein pen lita lagune som sikkert istida og 10 000 år med drag og alde har vore med og forma ut. Med ørlite kraft i sjøen kan du bli skoten inn og ut av vika, helst med ein liten surf. Medan det på innsida nesten alltid er høve for ein pust i berget, eller å strekkja, på beina om du vil.
Me padla attende til Sveholmen, via ein avstikkar gjennom ein tørr Bakkastraum, og var trygt attende til basen før det vart mørkt som i sekken.