Laurdag 29. og sundag 30. august gjennomførte åtte havstrilar padleforbundet sitt grunnkurs i havpadling. Laurdagen starta fredeleg med ein tur ut fra Sveholmen og sørover mot Indreøyane, der me me fokuserte på framdriftstak og søkte oss ut mot havdønningane. Me fekk litt dønningar å leika oss i før me padla oss inn igjen og åt lunsj.
Etter mat var det fokus på teknikk, redning og utprøving av balanse i kajakken. Det vart mykje bading og ein flott dag.
Sundagen hadde blåse opp meir og med planla ei dagstur ut ifra vêrtilhøva.. Me padla langs land av Store Kalsøy og inn til Kalve, der me sette til livs nista i Holmane. Fokuset her var forflytning av gruppe på tur, teknikk og gode holdningar på sjøen.
På vegen tilbake måtte vi igjennom utom Indreøyane for å kjenne litt på bølgjane som hadde blitt litt større, før med padla oss nordom Spissøy for å kjenna på vindforskjellen og bølgjene. Vel attende rydda med opp utstyr og oppsumerte helga. Ei flott og læringsrik helg som gav deltakerne eit nytt klistremerke på våttkortet deira. Neste steg er teknikk kurs, kanskje me sett opp dette til neste år.
Tekst Andre H. Foto: Kersti og Odd Arne Østervold