Me vart berre fem havstrilar, men likevel fekk me med oss ein fint tur under den pittoreske gangbrua, via Lambøya, Komleøya (kvifor har ho fått det namnet, under me) til ein av favorittplassane våre, Saltskjersholmane. Det vart det ganske hustrig, og me hadde ein etter måten superkort kaffipause (utan kaffi, men med te for min del), der Ingunn delte müslibarar med oss andre. Diodelys vart monterte på kajakkane, og me sette kursen langs Huftarøyandet i nordleg retning. Me fekk god hjelp av både straum og eit lite vindpust som puffa off nordover.
Hausten er definitivt komen, og når makrellysarane koplar på lystkastarane sine, veit du at det er på tide å skru på endå meir lys. Klubben har ein del diodelys i naustet, men det er ein fordel å ha ha med til dømes hovudlykt får å vera synleg framifrå òg. I tillegg er hovudlykt fint å ha når utstyr skal i bilane og kajakkar eventuelt på biltak.
Avhengig av vêrtilhøva, satsar me på padletur frå Sveholmen neste torsdag.