Referat styremøte Havstril pk

28. september 2020, Kontorsenteret, Storebø

Møtt: Trond Hagenes, Rune Hevrøy, Karina Sandtorv. Forfall: Heidi Lorgen. For henne møtte Ida Storesund.

Sak 1: Økonomi

Innkommande sponsorinntekter kr 23 000.

God pengeflyt i klubben. Saldo på over 250 000 kroner på konto, der om lag 230 000 er øyremerkte kystturhytteoprosjektet vårt. Innkommande sponsorinntekter på over 20 000 og utgåande om lag 30 000 for diverse utstyr, inkl. Delbetaling ny kajakk.

Sak 2: Kystturhytto framdrift

Er sendt på anbodsgrunnlag kommunen. Leiar jobbar med dispensasjonssøknad for bygging i strandsona, blir sendt snarleg. Tippemiddelsøknad og byggjesøknad må ferdigstillast. Nagla arbeider med vindbelastningsutrekningar.

Sak 3: Samarbeid med blindeforbundet avd Austevoll

Blinde og svaksynte ynskjer sterkt eit tilbod med ledsagarar i kajakk. Eige kurs. Heidi Lorgen er Havstril sitt kontaktledd.

Sak 4: Aktivietsnivå 2021

Oppsummering av 2020, og kva me kan få til i 2021 for å halda entusiasmen ved like.

Teknikkurs mai-juni 2021.

Turholm kajakk padlefestival

Turar ut av kommunen Fitjar-tur, kanalane, Herdla. Ta fatt på andre påskedagtradisjonen etter korona

Rullekurs (umogleg i Austevollbadet), sommar?

Sak 5: Kontingentar 2021 og kurskostnadar 2021

Me har låg kontingent, og ein familiekontingent som kan komma i konflikt med korleis medlemspengar kan krevjast inn i frå 2021. Mest truleg vert det ekstra krevjande å administrera dette frå neste år. Jobba med problemstillinga fram mot årsmøtet 2021.

Me har veldig låg våttkortkostnad på introkurs inkl medlemsavgift for vaksne. Dette er fint, men me bør vurdera å auka kostnaden for å liggja meir i tråd med klubbar på fastlandssida.

Rune undersøkjer prisnivået.

Sak 6: Føreslå medlem til idrettsrådet

Leiar ynskjer avløysing som representant til idrettsrådet frå årsmøtet i 2021. Styret bør leggja fram forslag for nytt medlem til årsmøtet. Saka vert sett på vent.

Sak 7: Ymse

* Havstril padleklubb avslutting. Gjestgiveriet. Torsdag i november.

Litt pengar i mat. 4000 mat. Påmelding.

* Padlebloggen. Kjekt å sjå.

*  Innhenta samtykke frå ungpadlegruppa for å publisera nyhende på nettet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s