Havblikk på Heimarkpollen

Litt rørsle, men mykje emosjon i biletet. Siste torsdagspadling for i år.

Me var fire padlarar som sette ut frå Kjempefaret og etter 18 padletak tok ei majestetisk havørn av frå åssida ved den speglblanke pollen. Me kom ikkje nært nok til å få det optimale fotoet, men brent inn på netthinna vart fuglens ferd likevel.

Me padla Småstraumane, dykte, var innom etterlatenskapen i Hyltropollen, heilt inne i Selvågen, før me såg nærare på Gygrarævo (!) og litt av Naustheller og hyttene ved sjøen på Blåsternesvegen.

Ein siste raud glød akkopagnerte oss for bekmørket bar bod om at torsdagspadlingar er etterletne i kjølvassfara for i år. Mange kjekke og folkerike padlingar er det vorte.

Ørna tek ikkje ungar. Ikkje kajakkar heller.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s