Category: Uncategorized
-
Me har årsmøte i slutten av februar, men om det vert digitalt eller om det blir fysisk oppmøte kjem me attende til. I år må me ha påmelding til årsmøtet (sjå under). Facebook-hendinga finn du her
-
Foto: Elleve havstrilar ved Lunnøy. Foto: Kersti Østervold. Før padlesesongen var i gang, skylde koronabylgja over Noreg. Idretts-Noreg stengde dørene, og padleklubben stengde naust og det heile. Når det fyrst vart opna for koronatilpassa aktivitetar utandørs i starten av mai, kom det i staden er bylgje med ny interesse, fleire nye padlarar i alle aldersgrupper…
-
Før jul fekk me 2500 blanke kroner i støtte frå reiarlaget Hardhaus AS. Me takkar så mykje for den fine støtta.
-
Me var elleve havstrilar som nytta fyrste sundagen i året til å fukta padleåra på tur frå Sveholmen til Sengane aust om Nordre Navvågen. Strålande var det, med havørn å sjå på nært hald, ender og ikkje minst veldig varme stråler frå vintersola.
-
Me har fått heile 10 000 kroner i støtte frå naboane våre på Kvaløya, North Sea Shipping. Skal senda ein takksam take kvar gong me padlar forbi!
-
Heile 13 havstrilar møtte opp for å dykja, eta kake, pizza og ikkje minst ta inn Ingunn Bege Vik sitt inspirerande føredrag om relativt kortreiste kajakkeventyr. Du treng ikkje dra verken til Kroatia eller Seychellene for kilometervis med sandstrender. Nei, på Helgelandskysten får du meir krydder i form av dramatiske fjellformasjonar, torsk som bit på…
-
Også verksemda på Geitholmen ser med gåvmildt blikk til padleklubben. Administrerande direktør Siv Østervold skriv til oss at dei ser på padleklubben som viktig for kommunen vår, og at dei dermed ynskjer å støtta arbeidet vårt igjen. Hjarteleg takk for støtta!
-
Me har tinga kajakkake hos Kakeriet på Stolmen (nam-nam sjokoladekake) og kjøper inn pizza og brus til deltakarane. Ingunn Berge vik held fotoføredrag om inspirerande ferietur til Helgelandsskysten. TORSDAG 5. NOVEMBER KLOKKA 20:00 Det vert trekking av premiar til Trimturpoenga våre. Hovudpremien blant dei som har klarte alle 250 poenga er middag for to på…
-
Reiarlaget H. Østervold sponsar Havstril med 5 000 kroner. Me takkar for støtta og skitt fiske vidare på Blåmyra.
-
Siste kajakken i Havstril-flåten ligg no trygt på plass i klubbhuset. Det er den andre NDK Romany Excel, og er tilpassa dei litt større padlarane. Dette kjem godt med i kurssamanheng. Når det gjeld den regulære kajakkflåten synest me no at klubben har ein nokså komplett flåte. Neste sesong kan me vurdera å utvida flåten…

