Knall Klubbkveld

Heile 13 havstrilar møtte opp for å dykja, eta kake, pizza og ikkje minst ta inn Ingunn Bege Vik sitt inspirerande føredrag om relativt kortreiste kajakkeventyr. Du treng ikkje dra verken til Kroatia eller Seychellene for kilometervis med sandstrender. Nei, på Helgelandskysten får du meir krydder i form av dramatiske fjellformasjonar, torsk som bit på dorgen og ein flo og fjøre som gjer holmar og skjer om til mykje større område.

Me vart med på Dønnamannen, vakre Rødøya som vart tilrådd av tidlegare havstril Yngve R. Magisk utsikt frå Rødøyløva som liknar på akkurat det namnet indikerer, alternativt ein sphinx. 448 meter over havet, Utsikt til å verta svimmel av.

Lovund med lunderøys, tilrådingar om øyhopping kryra med referanser til Petter Dass si dikting. Lenger sør fekk me òg ei tilråding til Roy Jacobsens Barrøy-trilogi.

– Etter at eg var der og spg kroleis det var, leste eg bøkene og fekk eit endå nærare forhold til det eg las, sa Ingunn og peikte på mannen som måtte gjera fire forsøk på å byggja seg naust. Vêr og vind gjorde jobben vanskeleg.

Havstrilane fekk kost seg med kake frå Kakeriet på Stolmen og supergod pizza frå Casa Mia på Storebø under føredraget.

Me trekte òg ut premiar frå årets Trimpoengturar.

Hovudpremien, ein middag for to ved Bekkjarvik gjestgiveri (sponsa av same verksemd) stod mellom Morten Drønen og Hans Petter Bjånesøy. Begge hadde vore på alle 25 turmåla i konkurransen. Sistnemnde vart den heldige vinnaren.

Gåvekort på 2000 kroner i padleutstuyr sponsa av Austevoll kraftlag vart vunne av Elisabeth Kalve.

Turbok for beste tips til lokalitet vart trekt ut Ingunn Berge Vik. Alle deltakarar fekk utdelt aluminiumsflaske med Havstril-logo på.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s