Årsmelding 2020: Eit storslått padleår

Foto: Elleve havstrilar ved Lunnøy. Foto: Kersti Østervold.

Før padlesesongen var i gang, skylde koronabylgja over Noreg. Idretts-Noreg stengde dørene, og padleklubben stengde naust og det heile. Når det fyrst vart opna for koronatilpassa aktivitetar utandørs i starten av mai, kom det i staden er bylgje med ny interesse, fleire nye padlarar i alle aldersgrupper og viktigast av alt: Stor interesse for å padla meir hos veldig mange av dei.

Ved utgangen av 2020 stod Havstril med rekordhøge 165 betalande medlemmar, frå ni til 71 års alder. Me har aldri før hatt over 140 betalande medlemmar i eit kalenderår tidlegare. Mesteparten av dei nye medlemmane kjem via introkursvegen, medan me òg fekk avhalde grunnkurs for unge og eldre padlarar. Aldri tidlegare har me hatt ein slik massiv tilstrøyming av medlemmar 84 nye i talet fekk me, samstundes som me no fjernar folk frå medlemsarkivet i den augneblinken kontingenten etter purring ikkje blir betalt (fotnote*).

Me har 39 medlemmar i aldersgruppa frå ni til 19 år. 86 medlemmar er jenter/kvinner, og dermed kjem det av seg sjølv at 79 medlemmar er menn.

Koronaavgrensingane gjorde sitt til at me kom seint i gang med torsdagspadlingane, men òg her var det historisk høg deltaking. Nesten alle oppsette padlingar vart realiserte, og mange med både ti og elleve deltakarar. Blænes og Lundøy, Horgo og Saltskjersholmane, nær sagt alle krinkelkrokar nær Sveholmen stod på turprogramma. Me forsøkte å rullera turane våre med ei veke frå klubbnaustet, den neste frå ein annan stad. Med ei veldig lita gruppe aktivitetsleiarar er det krevjande å få til fleire faste aktivitetar enn den faste padlinga ein gong i veka.

Dermed har me òg hatt ein valdsam auke i aktive padlarar av same årsaka. Me har òg arrangert minipadlefestival med Turholm kajakk, med element som navigasjonlære, tur og rulling. Me hadde òg eit segment for dei yngre padlarare, som i likskap med dei eldre fekk tilbod om grunnkurs i 2020. Ein tradisjon som me har likt som måtte gå ut var påskepadlinga, der me dei førre åra har drege mellom anna til Fijtarøyane og kanalane på Bømlo.

For andre året hadde me Trimpoeng-turar i Havstril, med flotte premiar og deltakarpremiar. Det var god deltaking og fleire gav uttrykk for at det applikasjonsbaserte opplegget førte med seg at dei padla på stadar dei aldri elles hadde kome til. Har du vore i Valesvika eller Jamfoten? Viss ikkje er det berre å melda seg på i 2021. Me hadde òg klubbkveld med mange deltakarar i Austevollbadet, med trekking av premiane, pizza, kake, drikke og ikkje minst eit inspirerande føredrag om Noregsferie med kajakk.

Foto: André Hole, kurskongen vår. Han bur på Voss, men er ei skikkeleg drivkraft når ferieplanane hans seier Austevoll. Foto frå GK: K. Østervold

I juni 2020 hadde me besøk av heile sjuandetrinnet på Storebø skule på Sveholmen. Dei var ein god gjeng, og alle som ville fekk prøva seg i kajakken. Kjekt at vêr og helse denne gongen spelte på lag med klubb og skule.

Sidan hausten 2019 har me arbeidd med å realisera ei kystturhytte på ein holme i friluftsområdet på Skårholmane. Me har hatt eit særs godt samarbeid med Austevoll kommune og Bergen og omland friluftsråd. Likevel har det vore særs krevjande å finna snikkarar som ynskjer å bruka tid på å byggja hytta for oss i eit offentleg/privat samarbeidsprosjekt: Ingen austevollske verksemder har hatt ynskje om å levera anbod. Mest truleg kan me få henne bygd i annan landsdel og deretter kan transporterast til Austevoll for montering. Me har sendt søknad om å få disp for å byggja i 100-metersbeltet, og det er kome positiv attendemelding frå statsforvaltaren (tidl. Fylkesmannen).

På økonomisida har me òg hatt eit godt år, høg aktivitet gjev meir pengar inn på konto og meir ut òg, når me finpussar flåten og skaffar oss nytt utstyr. Me selde ein lite brukt NDK Explorer, og kjøpte inn ein Romany Excel. Nye årer har me òg fått på plass. Neopren-Long Johns og nokre få nye tørrdrakter har me kjøpt inn. Takka vera sponsing frå ei rekkje lokale reiarlag og andre verksemder går me inn i 2021 med ein særs behageleg balanse på bankkontoen.

For øvrig bestod havstrilstyret i 2020 av Trond Hagenes (leiar), Rune Hevrøy (nestleiar), Karina Sandtorv og Heidi Lorgen. Valkomitéen for 2021-årsmøtet er Ingeborg Astrid Kleppe og Øystein Vik med Stina Nordbak som varamedlem.

Fotnote 1: I 2020 tok me og fjerna ikkje-betalande medlemmar frå registeret vårt ved utløp av fyrste purring på kontigenten. Iflg retningslinjene frå NIF kan ikkje-betalande medlemmar stå på medlemslista i eitt kalenderår utan å innfri kontigenten.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s