Nesten måneskinstur

Det var magisk, men ikkje nok lys for kamera til å fanga augneblinken.

– Wow!

Me rundar neset mellom Drønspollen og Storavika. Fullmånen heng som ein lysande sveitaros over Loddo. Det er i seg sjølv verdt eit foto, men å eksponera månelyset med handhalde kamera i ein kajakk som rører seg med krusingane, ja det er ikkje nokon lett jobb.

Fem havstrilar på klubbpadling, i kajakkane klokka 18:33. Palda ut mot Jamfoten, der det for ein gongs skuld var for lite sjø til å gli igjennom. Svaberga på Drønen får mykje juling gjennom åra, men i dag er det berre eit nesten umerkeleg drag som kjærteiknar det gråbrune berget.

Me padlar mellom holmar og skjer, kryssar leia og finn vegen til Råtapollen. Bylgjene frå ein oppdrettskatamaran kastar høge, men slakke bytlgjer mot oss før me kan setja baugane inn og eta sjokolade og kopla opp lanternene. Å vera synleg på sjøen når det mulmar er viktig.

Havstrilane var innom det gamle kommunesenteret Bakholmen, som Sparkjøp-arvingane Eide Knutsen held i strekk, før det var inn Drønspollen. På vegen mørkna det til, og den stille, svarte pollen gav magisk gjenklang for åretaka våre.

Totalt padla me 13,7 kilometer på temmeleg nøyaktig tre timar.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s