Det var rett så omskiftlege forhold på utsida av Blænes då havstrilane padla torsdagskvelden. Frå det næraste havblikk til ei herleg, småkokande blå suppe på heimvegen. Uansett, me var seks padlarar ut frå Vestre Vinnesvågen, og fekk med oss to gjestar frå Gilsvågen rundt Blænesøya. Små smug mellom berga, tang og eit seinsommardrag i lufta sette perfekte forhold for ein roleg padletur.
Me fekk òg eit kjekt strandhogg inne i sjølve Gilsvågen.
Neste veke vert det avgang Sveholmen klokka 18 om vêret stiller opp for oss.