Tur til ytre øyane

Rettnok ein privat tur til Møkster og Fugløy, men verdt å dela nokre bilete til inspirasjon. To havstrilar tok motorseglbåt frå Drønen til Møkster, der det var flatt hav. Me padla ut Kuøysundet til Hekkingen, der me logga eit trimturpoeng. Deretter sette me kursen mot idylliske Plystrene. Ein flott plass til øytur og strandhogg, må seiast. Turkis sjø, sandbotn og ein og annan leppefisk som lyna unna der med padla.

Me sette baugen mot Hevrøy og det var framleis ganske rolege forhold, men derifrå til Fugløysundet var det etter måten mykje straumsjø, men me kom oss fram (trass i underteikne sin dårlege rygg) – deretter tok me oss inn til trimturpoenga, der me sette til livs matpakke og medbrakt kaffi og te.

På vegen attende var det veldig heftig straum ut Skoltafjorden, det var langt meir enn varsla på havvarselet på yr.no og me padla dermed rett mot hamna i Møkster, mest på grunna av dei nemnde ryggplagene. Likevel er det verdt å vera obs på for dei som vil padla til Fugløy. Kompetent turfylgje må vera med, og ein kan absolutt vurdera å unngå Skoltafjorden og kanskje finna ein dag utan vind, eller kanskje helst padla frå Våge eller Sørvik om ein hentar løyve frå Magnus til å bruka bryggja hans?

Uansett ynskjer me å minna på at deltakarar på trimturpoenga våre slett ikkje treng å ha ambisjonar om å ta alle eller fleirtalet av poenga.

Tekst: Trond H. Foto: Trond H./Morten D.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s