Når det haustar …

This slideshow requires JavaScript.

Litt tidlegare start enn vanleg, hugs me skal vera på vatnet til klokka 18, og ny andlet på fin klubbpadling under leiing av Ingunn. Langs land, mellom holmar og skjer. Sjøfuglane som trekkjer sørover har visst pakka snippyska si allereie. Skjønt den stadeigne gråhegren held til i skogen ved Hille og laga eit ille bråk då dei fekk auga på oss og letta. Skvalder, må ein vel kalla det. Fuglesong, ikkje.

Me var seks sjeler som padla tett under ti kilometer og kom oss på land før det skumra.

Neste veke blir det enten tur frå Beinskrokjen (Drøno-Råtapollen), Vasseide (Paraket-Saltskjersholmane) eller Vassverket (Heimarkpollen). Mest truleg opnar me naustet, slik at dei som vil kan henta ut utstyr på førehand.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s