Category: Kurs
-

Havstril har så langt i 2024 arrangert eitt introkurs og eit grunnkurs. Me har òg hatt ein seanse med rull og tull (tittel inspirert av naboklubb), der interesserte medlemmar får øva på moment med grønlandsrulla. Eskimorulla er normalt noko du ikkje treng til vanleg turpadling, men er kjekk å ha inne om du skal ut…
-

Me inviterer til torsdagspadling frå klokka 19 den 6. juni frå klubbhuset. Det er meldt ein del vêr, men det kan vel vera fascinerande nok. Påmeldingslenke. Det er fullteikna introkurs sundag 9. juni. Alt utstyr er reservert frå morgonen fram til klokka 15.
-

Me har særs mange medlemmar som har teke introkurset, men vurderer å tilby grunnkurs som er eit meir komplett nybyrjarkurs og ein føresetnad for å gå vidare på våttkort-kursstigen til Norges padleforbund. Me kan komma attende med aktuelle datoar så snart me har oversikt over interessa. Send e-post til info@havstrilpadleklubb.no for å tilkjennegje interessa di…
-

Havstril tilbyr våttkortkurs mandag 10. juli frå klokka 18. Kurset tek om lag tre-fire timar og tek sikte på å gje deltakarane innblikk i grunnleggjande teknikk og tryggleik, og stimulera til meir utforsking av padlingas gleder. Etter kurset kan du vera med på klubbaktivitetane i Havstril eller låna utstyret frå naustet. Kurset kostar 1000 kroner…
-

Havstril padleklubb legg gjerne til rette for at medlemmane kan klarta i Norges padleforbunds kursstige. Sidan me starta klubben i 2006 har fleire hundre austevollingar og tilreisande teke introkurs på Storebø og dei siste dryge ti åra ved Sveholmen. Så langt i 2023 har 14 ferske havstrilar gått på introkurs hos oss, medan me har…
-

Padleklubben set opp våttkortkurs for vaksne. Me har dette fastsette datoane, om ingen av dei passar, kan me samla opp deltakarar på kursdatoar som er meir skreddarsydde. Sundag 11. juni klokka 11:00 ved Kersti og Odd Arne Østervold Måndag 10. juli klokka 18:00 ved Trond Hagenes. Kursa er ein smule utvida versjon av NPFs introkurs…
-

Havstril held tenikkurs ved André Hole helga 3.–4. juni. Innhaldet på kurset kan du lesa i denne lenken. Kurset kostar kroner 1.500,- og påmelding kan du gjera via padleboken. Me har enno nokre restplassar for dette kule og kjekke kurset, som krev at du har grunnkurs frå før (introkurs er ikkje nok). Påmeldingslenken.
-

Padling i den kalde årstida set endå høgare fokus på tryggleik. No har to av klubben sine aktivitetsleiarar teke verdifull etterutdanningsmodul. To aktivitetsleiarar i Havstril var fyrste helga i desember med på aktivitetsleiarkurs i livredning – eit nytt opplegg i regi av padleforbundet. Deltakarane fortel om god stemning på kurset. Tor Kenneth haldt fyrstehjelpskurs livredning…
-
Ti ferske havstrilar fekk i tidenes sommarvêr grunnleggjande innføring i padlelivets gleder og farer torsdag. Aktivitetsleiar Trond med hospitantane Kersti og Odd Arne gjekk gjennom effektiv framdriftsteknikk, Kameratredning (og cowboyredning for dei aller ivrigaste). Me fekk òg tid til ein fin liten tur rundt Spissøy i det fantastiske sommarvêret. Innhaldet i eit introkurs kan du…
-
Etter tre dagar med sommarskule på dagtid, er det introkurs denne torsdagen. Utstyr i naustet er reservert frå klokka 17:30 – 21:30. Neste veke vert det torsdagspadling som vanleg. Me har ein ledig plass, om nokon er interesserte. SMS 988 74 253 ved påmelding. For dei over 18 kostar kurset 500 i kontingent + 500…

