Kurs og padleforbundets kursstige

Havstril padleklubb legg gjerne til rette for at medlemmane kan klarta i Norges padleforbunds kursstige. Sidan me starta klubben i 2006 har fleire hundre austevollingar og tilreisande teke introkurs på Storebø og dei siste dryge ti åra ved Sveholmen.

Så langt i 2023 har 14 ferske havstrilar gått på introkurs hos oss, medan me har hatt åtte på teknikkurs. For å gå vidare på kursstigen frå introkurset, må du utvida dette til grunnkurs, som er eit 16-timars meir komplett kurs med fokus på tryggleik, teknikk og som set den endå betre i stand til å dra på padletur enn det kortare introkurset, som er unnagjort på ein føremiddag eller ei kveldsstund.

Havstril padleklubb ynskjer å stimulera til trygg padling i kjende farvatn.

Me har sett opp nytt introkurs måndag 10. juli. Påmelding eller informasjon til info@havstrilpadleklubb.no

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading