Category: Trimturpoeng
-

Me køyrer klubbkveld med pizza og moglegens heimelaga gulrotkake, biletframvising av Kersti og Odd Arne sin fabelaktige tur til Lofoten i sommar, utdeling av deltakarpremiar og premiar frå padleturar i Austevoll 2023, distansemerke og nokre andre diplom me har funne det oportunistisk å utforma. Det heile går føre seg i Frivilligheitssentralen, Austevollbadet frå klokka 19:30.…
-

Då årets trimturpoeng vart avslutta i slutten av september, kunne me konstatera at mange havstrilar og andre med interesse i padlinga har delteke på turane. Me hadde lagt ut 25 postar kring om i kommunen, dei fleste har me kunna besøkja på klubbturane me har sett opp. Her er topp fem-lista: 1. Stig Ove Utskot…
-

Lite påmelde. Me avlys dermed padlinga. Me padlar frå Sveholmen klokka 19:00. Turen går mest truleg sørover, med atterhald om vêrmeldingane held seg.
-

Skjergarden på nordaustsida av Huftarøy er kanskje noko av den mest undervurderte i heile Austevoll. Her har me nokre av dei aller finaste holmane, blant dei Saltskjersholmane utanfor Kolbeinshamn. Me vender kajakkane mot desse torsdag. Me set òg opp transport av kajakk og utstyr for Sveholmen. Dette vert oppmøte på klokka 18:10. Me skal vera…
-

Me padlar frå Sveholmen, kanskje mot Horgo med Vaula om meldingane held seg. I kajakkane til klokka 19:00. Høve til å plukka trimturpoeng under vegs. Påmeldingslenke.
-

Me tek ikkje sommarferie med torsdagspadling (enno, i alle høve), og inviterer til padling frå vassverket, Kjempefaret. Me flyttar padlinga grunna heftige vindvarsel. I kajakkane til klokka 18:30. Høve til å plukka trimturpoeng under vegs. Påmeldingslenke.
-

Me var ikkje mindre enn sju havstrilar som sette ut i retning historiske Følingsvågen sørvest på Hundvåkøy. To av dei eldste i klubben var med, begge på 70 + år, men det sette slett ikkje noko stoggar på padleleia. Me fekk med oss trimpoeng ved Svartaskjeret, som mest av alt ser ut som nokon med…
-

Me held fram med turar til historiske plassar i Austevoll. Følesvågen er ein stad der sjølvaste Shetlands-Larsen med vår eigen Johannes Kalve for å henta åtte kandadiske flygarar som på mirkaluløst vis både overlevde naudlandig og kom seg bort frå tyske styrker før dei kom seg attende til Storbritannia. Denne historia for du godt innblikk…
-

Noko av det fine med å hiva kajakken på sjøen og gripa etter padleåra, er at du sug til deg inntrykk og besøkjer stadar som du sjeldan elles dreg innom. Ein av desse stadane er Ryarbåsen, ei gøymd perle på baksida av Krossøyhamnsundet. Denne staden er òg vevd inn i norsk sjømilitær historie. Sjur Nordmann…

