Padlesesongen tek av

Skjermbilde 2018-04-13 kl. 15.13.20

Ei veke kan gjera mykje. Torsdag for ei veke sidan var det snø på bakken, kalde gufs frå nord og berre ei svak sol i ryggen. Denne veka var det fram med solbriller og det vart vart varmt i tørrdrakta: Våren er komen, Kong Vinter har teke sommarferie.

Fem havstrilar duppa årene mellom silender og hegrer, skjer og holmar denne veka. Turen frå Nordrevågen på Selbjørn, ut til Litla Lunnøya og rundt sjølve Lunnøya. Me vurderte om den gamle gravemaskina på haugen no er i ferd med å gå frå industrielt søppel til å verta eit kulturminne, ja endåtil Lunnøys svar på Fridomsgudinna.

IMG_5682
Kaffisjef Morten diska opp med god, varm drikke då me rasta på austsida. Vika var fylt opp med endå meir søppel sidan sist me var der. Ein stad padleklubben ganske sikkert bør arrangera ein miniryddeaksjon på seinsommaren.

Me padla ut av solnedgangen, studerte sjøhusa på Kobbaneset og Kalvaneset: Eitt av dei har tømmer frå “Takstaas”-torpederinga i september 1939 – dette var det fyrste norske skipet som var senka under Den andre verdskrigen. Rett utanfor Marstein – i internasjonalt farvatn. Ubåtkapteinen heitte Werner Heidel, og kom slett ikkje frå krigen med livet i behald.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s