Årsmelding 2017

IMG_5588

Havstrilstyret i 2017 bestod av Trond Hagenes (leiar), Stina Nordbak (nestleiar), Øystein Vik (medlem), Rune Hevrøy (medlem) og Marius Taraldsen (medlem). Det vart haldt tre styremøte  i løpet av styreåret.

 

Sommaren var prega av særs låge temperaturar, noko som truleg òg har spelt inn på interessa for kurs, som var på eit historisk lågmål. Me hadde eit introkurs under UNG-paraplyen, to vanlege introkurs, men det var barn/ungdommar som deltok. Dette har likevel ikkje resultert i reell reduksjon i medlemsmassen. Totalt var taket på havstrilar akkurat 130. 91 vaksne – 42 menn og 49 kvinner – var medlemmar i fjor. Av dei aktive ungdommane var 13 gutar og 8 jenter. I tillegg har me registrert 16 jenter og ein gut som medlemmar, men som ikkje var deltakarar i organiserte klubbaktivitetar i 2017.

 

Me er i ferd med å laga Den nasjonale strandryddedagen til ein tradisjon. Støtta med logistikk og pengestøtte frå Sjøtroll havbruk fekk ti ivrige havstrilar rydda eit stort område frå nordvestpynten av Navøy til Barmen fritt for taurestar, gamle plastkanner og anna materiale som ikkje vert bryte ned i naturen. Sjøtroll havbruk ved Ivar Ove Fagerbakke hjelpte oss òg med tyngre og betre ilar til flytebryggja vår på Sveholmen (som me òg i si tid fekk frå same selskapet).

IMG_5562

Torsdagspadlinga til klubben var det varierande interesse for, men då me fekk skyss av Langøylaks og Karsten Inge Møgster til grøne øya midt i smykket, var det åtte havstrilar som samla utforska øyriket med Møkster i midten. Mellom anna ved ein beinstrekk på smått magiske Hekkingen. Me hadde òg fine turar til mellom anna Horgo, men grunne vissa utfordringar i samanheng med logistikk, fekk me padla mindre i andre delar av kommunen i 2017.

 

Ungdomspadlingane var oppe på eit akseptabelt nivå, og me hadde i 2017 òg besøk av Storebø skule på Sveholmen. 36 gutar og jenter frå sjuandetrinnet på Storebø fekk prøva seg på kajakkpadling. Eit kjekt tiltak for både skuleelevar og padleklubben.

 

Me handla inn ein ny kajakk i budsjettåret 2017, plastbåt frå Nigel Dennis. Eit døme på at det ikkje alltid er byggjematerialet som avgjer kva som er ein god kajakk, eller ikkje. Elles vart det ikkje handla inn nytt materiell til klubben.

 

Dette tiltaket fekk me uvurderleg støtte til av Austevoll kommune (32.000) via idrettsmidlane og North Sea Shipping (10.000) og Hordafôr (10.000). Hos Odin group fekk me eit dusjkabinett som skal skruast opp på Sveholmen. Saman med Lokale aktivitetsmidlar, LAM, gjorde dette at me stod att med om lag 50 000 på konto etter årets avslutting. Dette er midlar som vil verta nytta til å opprusta andreetasjen i klubbhuset.

 

Avsluttingsvis kan det nemnast at klubben ved hjelp av Martin Lillehagen Hanssen i Norges padleforbund, NPF, gjennomførte me seinhaustes to kveldar mynta på klubbutvikling. Me kom fram til ein visjon: Sosialt samvær mellom aktive medlemmar, der me særleg set mål av oss å halda eit stablit høgt og føreseieleg aktivitetsnivå i 2018.

 

Valkomitéen for årsmøtet 2018 består av Hans Inge Gloppen og Per Espen Vik, med Geir Bergflødt og Åse Hauge som vararepresentantar.

 

Havstrilstyret,

februar 2018.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s