Magiske Møkster

IMG_5611

HAVSTRILAR GJENNOM KUØYSUNDET

Spanande geologi, blå sjø og blånar så langt auga kan sjå møter åtte havstrilar på nye kantar i øyane utanfor Møkster.

Rettnok har eg vore på Møkster rett som det er i jobbsamanheng, men i kajakken er det ofte slik at fjordkryssingar både frå sør eller nord kan verka noko avskrekkande – i alle høve viss eg skal padla både fram og attende. Då Karsten Inge Møgster i Langøylaks gjerne ville sponsa klubben med skyss den eine vegen, vart brått ein kveldsturen til øya som i poetiske ordelag er omtala som sjølvaste smaragden i Austevoll-smykket.

Like før klokka 18:30 er me klare ved gjestebryggja nedanfor gamlebutikken. Ingunn Anne og Øystein har padla frå Vestre Vinnesvåg, medan me andre bukserer kajakkane våre ned frå “Møkstranissen”. Me salar oss godt i farkostane og vender baugen vestover, me tek oss forbi Kuøya, der eit sjøfly duppar nedanfor sjøhuset, som ser ut som det er innteke av folkehøgsskuleelevar. Ein lyr vert dregen opp av ein ungdom, som fiskar med haspelstong, godt innpakka i sovepose og sitjande i ein fluktstol.

IMG_5623

LANDGANG PÅ HEKKINGEN.

Møkster har mykje å by på. Medan me ikkje fekk sjå eit særleg vidare fugleliv enn andre stadar i kommunen, er øya viden kjent blant ornitologar. Me set snart kursen mot Hekkingen, der Ingeborg Astrid er kjent frå før. Øya ligg heilt ytst i Møkstrafjorden, og der andre holmar nesten er blankskurte, ligg Hekkingen der med eit bergs som om ein forrykt jotun hadde herpa laus på holmen. Tidevasspyttane er store, og hadde det vore flo, kunne me glidd inn ei av dei.

IMG_5627

HANS INGE GLOPPEN PÅ HEKKINGEN. MARSTEIN FYR I BAKGRUNNEN.

Me dykte, åt og drakk oss til litt meir energi før me sette kursen over Møkstrafjorden. Vinden hadde auka på, og det kom duvande, bylgjer inn fjorden. Når det mørkna vart dei nærast søvndyssande. Etter livda ved Horgekalven vart det ein time i motstraum og motvind før me stemna inn ved Sveholmen fire timar og 15 minuttar etter me hadde kasta loss med Møkstranissen. Totalt padla me i underkant av 17 kilometer.

AV TROND HAGENES

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s