Kanskje den beste måten å utforska Austevoll på?

Havstril registrerer høg aktivitet på trimturpoenga vår i år. Det er ikkje for ingenting, me meiner at sjølve at punkta me har laga klart for å logga kanskje er den beste måten å bli kjent med Austevoll på.

50 stadar, gjerne med historisk betydning, eller ekstra vakre eller elles er interesante å padla til. Du treng berre lasta ned Trimpoengappen, og leggja ut på padletur (hugs gjerne å investera i ei vasstett futteral for mobilen din). Det kostar ein symbolsk pengesum å vera med, men me har deltakararpremiar som er verdt meir enn det for alle deltakarar.

Konkurrer med deg sjølv, og bli med i trekkinga av middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri og padleutstyr for 2 500 kroner.

Les meir om “konkurransen” her.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading