Padling og matauk alt i eitt

Det er tid for ramslauk ute i naturen. Ein av stadane me kjenner på padleturane er kaskadar av den grøne blada ved eit av dei bratte berga ved Kalve. Fleire av havstrilane som var med på turen, nytta høvet til å hausta med seg dei smaksfulle blada. Dermed vert det kanskje ramslauk-pesto eller pestosalt i eit par hus eller hytte i løpet av ein dag eller to?

Torsdagen bøtta det ned tidlegare på døgeret, men då me kom oss i kajakken rundt klokka 19 vart det stort sett opplett og fint på den resten av turen.

Trimpoeng ved den gamle handelsstaden Bakkasund.

Havstrilar ved den gamle handelsstaden Bakkasund. Her er det logging av trimturpoeng.

Fyrste dagen av mai opna òg padleklubben sine Trimpoeng. Me plukka med oss fire trimpoengpunkt på turen, og innkasserte dermed 40 poeng kvar av oss.

Neste veke padlar me frå ein alternativ stad i kommunen, med padling rundt Drønen som fyrstevalet. Me må berre sjekka ut vêrmeldinga før me publiserer staden.

Havstrilar ved Svartaskjeret.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading