Dei yngre medlemmane våre har ivra stort for at me skal komma i gang tidleg med trimturpoenga våre. Me svarar på ynskjet, og opnar dei allereie 1. mai. Dette er ikkje ein konkurranse, sjølv om du kan utfordra deg sjølv til å padla rundt på alle dei 50 stadane fram til september, eller komma deg it på sjøen og logga dei tre-fire punkta som ligg nær deg mange gangar.
Me har samla saman mange av favorittplassane våre, og i år har me mellom anna lagt til nokre gamle kremmerleier i samlinga vår. Det er frå før litt krigshistorie, litt lokal geologi og fleire stadar som berre rett og slett er vakre eller fascinerande i seg sjølv.
Når det gjeld padleturen på torsdag 1. mai, er det ingen tvang om å verken ha nedlasta appen eller logga stadar under vegs.



Leave a Reply