Så lenge du kjem deg oppi og utav ein kajakk og ikkje slit med kronisk skulderinflammasjon, kan padling absolutt vera noko å prøva: Det er ikkje ein ekstremaktivitet for adrenalinjunkies – før du vel å gjera noko slikt ut av det sjølv.
Mest av alt kan padling vera ei salig blanding personleg helse – både mental og fysisk (hugs han som ville skriva ut hav på blå resept) – meistring og ein utruleg fin måte å bli kjent med noko av det som der er mest av i Austevoll, sjø, viker, svaberg og fine strender.
Når me inviterer til kurs i havpadling er det etter hundrevis av deltakar på desse gjennom åra. Her går me gjennom det du treng for å løysa våttkortet, med fokus på enkel teknikk og redning. Innhaldet er fastsett av padleforbundet, men Havstril set litt ekstra fokus på kameratredningsøvinga.
Me synest rett og slett at du som er nyfiken melder deg på eit av kursa våre – det fyrste er allereie 15. mai 2025 ved Kersti og Odd Arne Østervold (skriv e-post til info@havstrilpadleklubb.no for påmelding).
Kurs koster 500 kroner + løyst kontingent på kroner 750 for vaksne.
Om du er usikker, ta turen innom Sveholmen når me markerer friluftlivets dag den 21. juni. Då kan du prøva ut aktiviteten vår i vilden sky.



Leave a Reply