Me arbeider med årets Trimturpoeng, som altså ikkje er ein eigentleg konkurranse, men ein slags blanding av digital stolpejakt og geocaching. Her er målet å komma seg ut i kajakken (eller robåten) og utforska Austevollskjergarden.
I den samanhengen tek me gjerne i mot tips om interessante eller vakre stader me kan nytta til turmål. Frå før har me hatt tema som krigshistorie og segner, men det kan nesten like godt vera ei fin, avskjerma vik.
Send opplysningar med kryss i kart eller koordinatar til info@havstrilpadleklubb.no – dei som vert nytta blir med i trekkinga av ei flott turbok.



Leave a Reply