Tradisjonen tru har Havstril padleklubb sin eigen sommarturkonkurranse gåande. Den er open frå 21. juni til 15. september, og i år har me heille 40 turmål – dei fleste ligg slik at du kan ta fleire punkt på kvar tur.
I år har me opna opp slik at du kan registerera same punktet fleire gongar, men ikkje oftare enn ein gong i døgeret. Slik kan du hevda deg i konkurransen om flest poeng med å padla i det absolutte nabolaget ditt.
Me vil trekkja ut hovudpremien – ein middag for to ved Bekkjarvik gjestgiveri – blant dei tre som har flest poeng. Me vil òg trekkja ut eit gåvekort på 2 500 kroner trekt blant alle deltakarar som har logga minst eitt punkt.
Det ventar òg deltakarpremie til alle deltakarane i konkurransen – men huga at du sjølv vel ambisjonsnivået.



Leave a Reply