La gå at me er inhabile. Ikkje berre likar me padling, og eiga kyststripe, me er heller ikkje Home blind som det heiter over Dammen, men set overmåte stor pris på kvart sund og svabergkledde øyar, holmar å skjer me har til å manøvrera kring.
I sommar har me, som alle dei siste åra, var eigen sommartur i skjergarden-seanse open for alle som padlar eller ror kring øyane. Padleturar i Austevoll 2023 er har 25 ulike turmål frå Brokaskiten i sør til Kyrholmen i nord. Me har funne fine plassar, mange med interessante segn eller historiske hendingar knytt til seg.
Døme på dette kan vera Ryarbåsen på Krossøy, som har gamal krigshistorie knytt til seg.
Leiaren i padleklubben delar artiklar han sjølv har skrive på jobben sin ovanfor, men som likevel kan vera verdt å kika på for dei som er interesserte i både veldig gamal lokalhistorie og relativt sett ferskare historie.
Padleturar i Austevoll 2023 er ikkje ein konkurranse, med mindre du konkurrerer med deg sjølv. Likevel tingar me inn deltakarpremie til alle som registrerer minst eitt turmål, og me er så heldige at Bekkjarvik gjestgiveri sponsar oss med ein middag for to som me trekkjer blant deltakarane. Me trekk og ut eit gåvekort på padleutstyr for 2 500 kroner blant dei som registrerer flest turarar.
Her kan du lesa om Trimpoenga våre, registrering og om dei 25 turmåla me har lagt ut i år.



Leave a Reply