I 2022 var andre påskedag den einaste dagen det blas kuler og krut i Sunnhordland i påskeferien. Me måtte dermed kansellera turen vår Goddo Rundt. I år forsøkjer me igjen. Avgang med ferja frå Husavik klokka 09:00 og oppstart padling ca 1 time etterpå. Me vil lodda interessa for turen, men me krev at deltakarane er komfortable med å padla ca 20–25 kilometer, og kan vera komfortable i noko bylgjer.
Det er få eksponerte stadar rundt Goddo, men nok til at det kan verta rufsene eit par kilometer. Ansvarlege aktivitetsleiarar vert Trond og Ingunn (der sistnevnte er lokalkjend).
Ferje frå Husavik kl 09:00. Sandvikvåg kl 09:20 og Erevik skule ca kl 1015. Då skal me vera i kajakkane og klar for tur kl 11:00. Me vel retning etter vêrtilhøva (dei ser bra ut per sundag 10.) Tørrdrakt er eit krav. Klesbyte, varm drikke og mat og vatn for ein dag … og litt snadder som ein oppkvikkar undervegs.
Jakobshola er spektakulær, ho ligg på vestsida av Utslættøya. Me vurderer den når me er i området. (Blir ein halvtime ekstra med fotografering).
