Havstril padleklubb – Årsmelding 2022

Padleklubben nærmar oss 200 medlemmar, har fleire aktivitetsleiarar og nærmar oss byggjestart på kystturhytta ved Skårøyane.

2022 vart nok eit år med medlemsvekst og auke i aktiviteten for padleklubben i Austevoll. Her frå Horgo i august.

2022 vart noko overraskande endå eit år med medlemsvekst. På førehand rekna me med at det kanskje skulle verta ein rekyl etter to år med pandemi og heimetid. Pila peika likevel oppover, og ved sesongens slutt nådde me 175 betalande medlemmar, nokolunde jamt fordelt mellom kvinner/jenter (93) og menn/gutar (82). Blant dei yngste under 19 landa me på 44 medlemmar, men hadde fleire med på sommarskulen som ikkje løyste medlemsskap (dette er eit gratis tilbod).

Havstril har nokre faste aktivitetar som me òg i 2022 haldt fast på, mellom dei er torsdagspadlingane. I 2022 brukte me òg ved nokre høve tilhengjaren som me fekk ordna til køyrbar stand, noko som gav oss fleksibilitet òg for dei av oss som ikkje har bil med takgrind. Me sett òg opp drygt halvparten av turane våre frå Sveholmen. Felles for stort sett heile padlesesongen var godt besøk, med over ti padlarar på fleire av dei.

Sommarskulen delte me i to puljer: Ungdomsskule- og barneskulealder. Gledeleg nok vart det fullt hos dei yngste, og sjølv hos dei eldre vart det 10–12 deltakarar. Dei unge fekk prøva seg med moro, bading og kjenna litt på draget frå storhavet. Takk til Gjensidigestiftelsen, André, Kersti og resten av dei som gjorde hendinga til ei kjekk oppleving for deltakarane. Verdt å merka seg er at me har gjestar frå fastlandet som seier at sommarskulen er eit av høgdepunkta i ferien. Slikt likar me!

Me oppdaga òg nye perler og innsmett der med har padla forbi i mange år. Ei av dei etter at Ingunn hadde studert satellittkart på internett, andre av rein nyfikenskap. Apropos nye stadar, arrangerte me på nytt trimpoengturar. 20 ulike stadar, som for ferske havstrilar kan leia til stadar du elles ikkje hadde stifta kjenning med sånn heilt med ein gong. Det er viktig å understreka at dette slett ikkje er ein konkurranse, men har det til felles med turlagets sommarturar at du kjem deg ut i naturen, og på andre stadar der du kanskje går til dagen. For vidare år er det essensielt at fleire melder seg på, då det fyrst og fremst er ein kjekk aktivitet, men som det er ein del arbeid og kostnadar å lata gå av stabelen.

Grunnkurs med mange deltakarar i september.

2022 vart aktivt på kursfronten. Me fekk gjennomført både grunnkurs, fyrstehjelps- og aktivitetsleiarkurs med gjestar på sistnemde frå Haugesund og Tysnes. Med dette kurset fekk me òg fleire aktive og motiverte aktivitetsleiarar, som på særs mange vis er den viktigaste ressursen ein padleklubb kan ha. Ved å neste dobla talet på aktivitetsleiarar, gav det avlastning til dei andre i klubben og me kunne utvida aktivitetane noko. Me hadde òg Turholm kajakk som arrangerte minifestival for oss, mellom anna med førebuande øvingar til aktivitetsleiarkurset. Dei to nye aktivitetsleiarane har allereie vidareutdanna seg innanfor NPFs nye livreddingsmodular, noko som gjev oss ny og verdifull kompetanse i klubben. I parantes kan det nemnast at me arrangerte fyrstehjelpskurs på Sveholmen i mai, men då med veldig få deltakarar. Takk til Raudekrossen som sende flink kurshaldar frå fastlandet (som me sjølvsagt betalte, men likevel).

Me måtte likevel arbeida sjølve for å realisera Kystturhytta ved Skårøyane. Etter at me fekk arkitektteikna hytta frå Biotope, har det vist seg vanskeleg å fullfiansiera prosjektet. På hausten fekk me ei gåve frå Sparebanken Vest, som lagt på veg vil losa hytta i hamn. Me håpar å kunna starta bygginga i løpet av 2023. Med aukande prisar, dyrare straum og løpande utgifter har Havstril likevel halda hjula godt i gang. Trass dyrtida har me hatt god likviditet og takka vera sponsing frå næringslivet mm har me kunna oppdatera flåten noko, mellom anna med ein NDK Romany Surf (utbetydeleg brukt), ein flettny NDK Echo og på hausten ein leikekajakk i form av ein P&H Delphin 155 i plast. Fin å herja med.

Sommarskulen 2022: André når nesten på trynet.

Frå 2022 har me innført bruk av padleboken.no for logg av utlån på tur enten det er i eigen eller klubbregi. Dette er viktig at alle gjer, slik at me til ei kvar tid har oversikt over kva utstyr som er ute og me kan logga kva kajakkar som er mest i bruk, og eventuelle vedlikehaldsbehov som kan oppstå på dei ulike kajakkane. Bruken av padleboken er nedfelt i utlånsreglementet til havstril. Hugs å skriva deg utlån bak øyra.

Etter hovudsesogen var over, inviterte me den tidlegare toppadlaren Daniel Salbu på besøk, Han fortalde oss om soloturen sin langs Norskekysten, om trøyttheit, om å pissa i tørrdrakta (!) og eineståande naturopplevingar. Litt merkeleg var det med lite oppmøte, men det er slikt me ikkje kan vita på førehand. Tidlegare har klubbkveldane våre samla mellom dusinet og sneiset med havstrilar og andre gjestar.

Me klarte ikkje å halda oppe tilbodet til dei svaksynte medlemmane våre i 2022. Me hadde invitert instruktør til oppfrisking på våren, men veldig mange av dei som var med på padleloskurs hausten i førevegen var ikkje tilgjengeleg då eller seinare i sesongen. Vonaleg kan fleire padlelosar melda seg. Ofte trengst det berre ein sjåande til å ha eit ekstra auge med den som er blind eller svaksynt.

Havstrilstyret i 2022 bestod av Trond Hagenes (leiar), Rune Hevrøy (nestleiar), Kersti Østervold (medlem) og Hilde Elisabeth Klepsvik (medlem). Varamedlemmar var Morten Kvaløy, Therese Melvær og André Hole. Sistnemnde var òg representanten vår til Austevoll idrettsråd.

Valkomitéen til årsmøtet i 2023 består av Eli Larsen, Odd Ivar Øvregård og Ina Holm.

Havstrilstyret,

Januar 2023

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s