I dag fekk me eit heilt avgjerande puff frå den kjære sparebanken på øyane våre. Då dei delte ut almennnyttige midlar fekk me heile 411 656 kroner til hytta me har hatt lyst å reisa ved Skårøyane.
Havstril padleklubb fekk etter dei fyrste midlane me fekk av banken for nokre år sidan i samband med Hjartebank-konserten, utarbeidd arkitektteikna prospekt frå Biotope AS. Med ein perfekt storm av høg byggjeaktivitet og dyre råvareprisar har det vore vanskeleg å finna nok midlar til å sluttføra prosjektet. Det er ved eit trylleslag ikkje lenger tilfellet.
Takk òg til SIM sitt miljøfond og Austevoll kommune for økonomisk støtte. No kan me setja fart og byggjesøkja og saman med BOF og kommunen lysa ut prosjektet på anbod.
