Havstrilar på Sengane

This slideshow requires JavaScript.

Litt vind, ein god dash drag ved nordvestre pynten av Navøya gjorde sitt til at åtte havstrilar fekk ein litt adrenalinfylt start på torsdagspadlinga. Ina trødde til med rask kameratredning ved to høve. Sju sekundmeter kan gje litt rørsle, sjølv ein sommarkveld.

Me padla til dei små sunda som heiter Sengane på austsida av Navvågen, nokre av oss logga Trimpoenga våre, før me utforska nesten av vågen med krinkelkrokar innover mot friluftsområde. Me fann òg eit vindsurfebrett som me tok med oss eit stykke (har lagt ut på tapt, mista etc i Austevoll på FB) og fortøydde i eit tre.

Me tok deretter sjarmøretappen og bar kajakkane over smettet mellom den eine Navvågen til den hin, og kunne kosa oss litt i bylgjene som rulla inn frå Horgefjorden, særleg då me vende opp for vêret og kunne ri på bylgjene dei siste hundremetrane inn til Sveholmen.

Me padla i underkant av ti kilometer på litt under tre timar.

Neste veke kan det bli ein pause i organisert klubbpadling, men viss det blir kjem det uansett til å bli kunngjort på klubben si FB-side.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s