Pent over Kalsvik

Me var akkurat innanfor kornonaavgrensingane då med padla rekordsein start på torsdagspadlinga denne veka. Det var pent vêr, litt vasking av dekk over delar av Kalsvika etter at me hadde støytt på ein etter måten stor flokk tjeld, som heilt sikkert var saman på trekket sitt frå sørlegare strøk. Me telde 15-16 fugl i ein V-formasjon. Dei landa på eit skjer like sør for Sveholmen, og tillet oss å komma rett så nær før dei tok til vegjene att.

Me padla inn ved Kalve og holmane like søraust. Alltid like stilt og pent. Me fekk òg sjå det spesielle havlyset då sola trengde gjennom skydekket. På vegen heimover kunne me helsa havørna og fyrlykta på nordsida av Spissøy.

Me satsar på ny padling frå Sveholmen torsdag 14. mai klokka 19:00 (i båtane).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s