Årsmelding 2018

IMG_0066
Saltskjersholmane ein utypisk sommardag 2018.

Styret i Havstril pk bestod i 2018 av Rune Hevrøy, Åse Hauge, Øystein Vik, Stina Nordbak (nestleiar) og Trond Hagenes (leiar). Det vart halde to styremøte, og eitt arbeidsmøte i regi av styret i styreperioden.

I 2018 hadde me 115 medlemmar ved utgangen av året. Av desse var 65 kvinner/jenter og 50 menn/gutar. I juniorsegmentet har me ti aktive gutar og 20 aktive jenter. Flest medlemmar har me med postadresse Storebø (24) etterfølgd av Bergen (22).

Klubben er på mange måtar i ferd med å gå ein runde eller to i støypeskeia etter tolv-tretten år med drift. Redusert interesse for klubbaktivitetar som torsdagspadling og kurs utover introkurset fører til at me ynskjer å tilby andre formar for aktivisering. Klubbutstyret vert derimot relativt flittig nytta frå Sveholmen. Som kjent kan alle som har introkurs fritt nytta dette utstyret. Kode til nøkkelboksen får du av leiaren.

IMG_0038
Strandryddedagen 2018: Blenæsøya.

Som ein lekk i å tilby nye aktivitetar inviterte me til kajakkpolohelg på seinsommaren. Dette var diverre eit tiltak me vart nøydde til å kansellera, grunna få påmeldingar. Same vegen gjekk det med ein rockhoppingseanse med gjesteinstruktør frå Sunnhordland padleklubb. Interessa for introkurs var på veg oppover, og både unge og noko eldre deltakarar fekk prøva seg i kajakken. Totalt 8 barn i alderen mellom elleve og nitten fekk våttkortet, og 13 seniorar løyste ut plastkort med oblat.

Kvart år før skuleslutt pleiar me å få besøk av sjuandeklassen ved Storebø skule. I 2018 blas det kuler og krut den dagen me skulle arrangera besøket, og det måtte diverre avlysast. Avlysast måtte òg open dag som me hadde haka av i september. Meldingane såg lenge brukbare ut, men på sjølve dagen var det rett og slett ikkje mogleg å arrangera noko padling for nybyrjarar.

Det var likevel god oppslutnad då havstrilane på våren fekk padla Bømlokanalane med Ingunn Berge Vik som ansvarleg aktivtetsleiar. Dette var ein eventyrleg tur, som lokka med seg fleire nygamle andlet i padleklubben. I likskap med truen til Møkster-øyane i 2017 vart dette eit kjekt høgdepunkt for mange havstrilar.

Me fekk òg som dei føregåande åra rydda strender på den nasjonale strandryddedagen. Havstril tok for seg Blænesøya, og fekk reinska opp i rett så mykje tau, hyssing, plast og anna søppel. Fullt så ille som det var i Råtapollen (2016) og i området frå Barmen til nordaustpynten av Navøya, var det likevel ikkje.

Havstril padleklubb fekk grønt lys for å føra vatn fram til Sveholmen. Dette vart utsett til våren 2019 av Austevoll vatn og avløp, men vil gje ein lettare kvardag og opna nye moglegheiter for bruk av klubbhuset. Arbeidet vert betalt av Bergen og omland friluftsråd. Me er takksame for at begge desse partane er smidige i samarbeidet sitt med oss.

Me fekk handla inn to SUP-brett og to sit-on-top/fiskekajakkar i 2018. Dette er utstyr som gjev eit breiare tilbod til rekreasjon for både fastbuande og ferierande medlemmar av Havstril padleklubb. Reglane for utlån er dei same som ved vanleg utstyr. Merk likevel at SUP-bretta er rekna for noko lettare utøvarar. Takk til støtta frå Austevoll kommune som gjer oss i stand til å satsa på utstyr retta særleg mot barn og unge.

På utstyrssida måtte me avskriva tandemkajakken vår. Den hadde me lagra utsikra ute, sidan han vog mykje og var i lagt i le. Nokon har hatt glede av å kasta han på sjøen. Kajakken vart funnen øydelagt ved Turøy i Øygarden. Me henta han der, men han var såpass øydelagt at han enda sine dagar på fyllinga. Me erstattar den gamle i 2019 med ein ny glasfiberkajakk, som me reknar med skal vera kjekkare å padla.

I valkomiteen for 2019 sit Inger Uglenes, Marius Taraldsen og Bernt Egil Riple.

Havstrilstyret

  1. mars 2018

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s