Ingeborg Astrid på veg over Horgefjorden. Foto: Per Nybø.
Ut mellom eit lite, trangt sund ved Horgekalven. Utanfor blånande hav, lette skyer og brått to svarte ryggar ned finnar som rullar på den flate havoverflata. Nisene gjev endå eit nytt mål i kvila augo på ein sein julikveld på klubbtur med Havstril padleklubb.
Me starta i 19-tida frå Sveholmen, kryssa rett over Horgefjorden, og la oss mellom holmar og skjer, medan Ingeborg Astrid viste oss andre fleire av godplassane sine på vestsida av Horgo. Det er sjeldan me andre har padla på denne sida av Horgo, og kring Horgekalven er det overdådig med må skjer å laga kajakken gli gjennom.
Eg har teke på meg dei polariserande solbrillene mine, og ser såleis ganske klart ned i sjøen når refleksar frå sola er filtert bort. Sandbotn er det å sjå på sjølv dei mest uventa stadane. Etterkvart glir me inn i Vaulo, sjølv om Møkster er freistande nær, og me kan bære kajakkane eit kort stykke til vågen i nord, der Bergen og omland friluftsråd har laga bryggje. Det er merkeleg få båtar i Horgo på ein slik flott kveld, men me tek nokre padletur til før me rastar.
Åse diskar opp med heimelaga rabarbrasuppe, medan me kan nyta varmen i bak etter sola som har varma holmen me sit på heile dagen. Sola er på veg ned når me tek den siste sjarmøretappen attende til holmen vår.
Trond Hagenes med innsamla søppel på dekk. Foto: Per Teigen.