Kvifor ta grunnkurs – evntuelt i tillegg til introkurset

Kva er den beste måten å komma i gang med padling på? Svaret er dei fleste samde i er å ta eit kurs med ein padleklubb og deretter komma seg fort i kajakken, gjerne i saman med andre.

Havstril har i mange år tilbydd introkurs til nyfikne austevollingar. Mest fordi det passa vår eigen tidvis overfylte timeplan, men òg fordi interessa har vore størst for det enklaste våttkortkurset. Likevel er det mange gode poeng for å bruka 16 timar på å få ei GK-oblat på våttkortet.

Det fremste er sjølvsagt at det er ei heil rekkje moment me ikkje får skvist inn på berre fire timar. Det kan vera støttetak, eigenredning i kajakken og korleis ein kan førebyggja skadar. Hugs også på at det naudsynt å ta grunnkurs før du kan ta teknikkurset, som kanskje er det aller kjekkaste kurset på våttkortstigen. Verdt å merka seg er at mange private utleigarar stiller krav om grunnkurs.

Om grunnkurset står det mellom anna “Padling er i fokus, redningsøvingar trengst ikkje drillast. Teknikkane vises og lærast på ein skuldervenleg måte, til dømes lavt støttetak.

I tillegg skal deltakerne bli kjent med verdien med å padla i ei gruppe, enkle sikkerheitsrutiner og øvingar, samt korleis effektivt manøvrere kajakken.”

Havstril arrangerer grunnkurs ved Kersti og Odd Arne Østervold helga 26. og 27. juli. Påmelding eller informasjon? info@havstrilpadleklubb.no

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading