Slik var Havstril-året 2024

Stikkord: Kystturhytta kom nesten på plass, framleis nedgang på medlemmar – men godt med aktivitetar.

Me kan slå fast at padling i havgapet framleis er like fint, men at dyrtida alt skapar nye utfordringar no – og i åra som kjem. Kontingentar kan vera ein salderingspost i familiebudsjetta, samstundes som kommunen i åra som kjem kuttar bort årlege idrettsmidlar. Det fyrste opplevde me effekten av i 2024, medan 2025 vert det fyrste året på lenge utan støtte frå kommunen. Då me gjekk ut av fjoråret stod me med berre 115 medlemmar, noko som er det lågaste på 12-13 år. Under pandemiåra stod me til samanlikning med ein medlemsmasse på rundt 175.

Havstril hadde eit jamt høgt aktivitetsnivå. Som vanleg hadde me torsdagspadlingar dei fleste vekene i sommarhalvåret, med unnatak av særlege omstende som dårleg vêr eller manglande aktivitetsleiarar. Me padla igjen mest frå Sveholmen, men hadde òg uforgløymelege opplevingar mellom anna frå Vasseidet til Saltskjersholmane. Her fekk mange havstrilar liggja og duppa medan fullmånen titta kraftfullt opp over Tysnes.

På starten av sommaren arrangerte me igjen Sjøsprøyt sommarskule saman med Austevoll seilforening. Me hadde redusert talet på deltakarar frå 30 til 26, eit tal som er lettare å ha styr på både i seglejoller og i havkajakkar. Sommarskulen har i litt for liten grad fungert som rekrutteringskanal for nye padlarar, så konseptet vert truleg avløyst med gratis våttkortkurs for dei yngste gruppene. Det kan òg nemnast at sjuandeklassane frå Storebø skule har vitja Sveholmen og nytta klubbutstyret. Det same kan òg seiast om heile åttandetrinnet på Austevoll ungdomsskule.

Noko av det viktigste klubben gjer er å tilby våttkortkurs. Med eit raskt introkurs eller meir komplett grunnkurs får du ei god innføring i padlinga, som gjer at du stiller sterkare om uhellet skulle vera ute, eller du skal planleggja om du vil ta deg ein padletur. Havstril arrangerer òg teknikkurs etter interesse. På hausten fekk me besøk av to flinke padlarar på høgare nivå, som haldt ein dagsseanse i bylgje- og brottpadling for oss.

I juni arrangerte me ein open dag på Sveholmen. Det er kjekt å kunna visa fram klubben til austevollingar og tilreisande.

Sommaren er trimpoengtid. Her laga me langt fleire turar, og opna opp for at ein kunne logga mange gongar på same punkta – berre det skjedde med meir enn åtte timars pause mellom dei. Dette resulterte nok i fleire aktive deltakarar. Særleg var det kjekt å sjå yngre deltakarar verta gripne av padle-/og trimturbasillen. I samband med slutten av konkurransen, arrangerte me ein sosial kveld på gjestgiveriet i Bekkjarvik, der me fekk fascinerande føredrag om kanotur i gullgravarane sine fotefar i Yukon, Canada. Det vart eit svært godt besøkt arrangement.

I løpet av hausten har me fått laga ferdig nokre padleturar som vert lagt inn i applikasjonen til padleforbundet, og er ein del av satsinga ro- og padleruter til Vestland fylkeskommune. Så langt har me laga turar frå Sveholmen og Leirvika ved Bekkjarvik, medan turar frå Storebø står på planen. I løpet av 2025 vil nok dette arbeidet halda fram, og me håpar å få på plass informasjonstavler på dei tre nemnde stadane.

No av det me arbeidde vidare med kystturhytta, som vart bygd ferdig, men grunna storm og uvêr i desember vart den siste monteringa utsett til 2025. Ei stund såg et ut som det arkitektteikna krypinnet ikkje kunne realiserast. Det endra seg då det viste seg at dei kunne levera ferdig bygg til ein pris rundt det me hadde ståande øyremerka på konto, trass i at kommunen hadde trekt attende si finansiering til prosjektet.

Når kystturhytta står ferdig, vil me søkja å oppdatera klubbhuset på Sveholmen. Andre høgda har eit stort potensiale for å kunna fungera som sosial samlingsstad i samband med klubbens eigne kurs, eller enkel overnatting. I 2024 har me gjennomført ei tilstandsanalyse av bygget og fått oppdatert pris på kva ei rehabilitering her vil kosta.

Avsluttingsvis ynskjer styret å understreka viktigheita av sponsing frå det lokale næringslivet. I dyrtida betyr det særleg mykje, og gjev oss evna til å framleis driva klubben vår med ei framoverlent haldning.

Havstrilstyret bestod i 2024 av Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Kersti Østervold (medlem), Kathrine Hausberg (medlem) og Doris Beate Bakke (medlem). Varamedlemmar har vore Rune Hevrøy, Therese Melvær og Hilde E. Klepsvik. Det vart arrangert to fysiske styremøte, medan styret har kontinuerleg kontakt over messenger for saker som ikkje krev vedtak i fysisk styremøte.

Valkomitéen for 2025 består av Ingunn Anne Berge Vik (leiar), Hans Petter Bjånesøy (medlem) og Odd Arne Østervold (medlem). Vararepresentant: Ina Holm (medlem).

Austevoll, 26. januar 2025

Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Kersti Østervold (medlem), Doris Beate Bakke (medlem) og Katrine Hausberg (medlem) med elektronsik godkjenning.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading