Havstril padleklubb tilbyr desse våttkortkursa for vaksne i juni 2024:
Introkurs med André Hole – tysdag 4. juni
Introkurs ved Odd Arne Østervold – sundag 9. juni (fullbooka).
Innhald i kurset finn du her. Det er meint å gje ein heilt grunnleggjande introduksjon til padlinga sine gleder. Kostnaden er 500 kroner, pluss medlemsavgift i padleklubben på kroner 500 kroner.
Grunnkurs ved Odd Arne og Kersti Østervold helga 15. og 16. juni
Innhaldet i kurset finn du her. Dette er eit meir utfyllande kurs, som gjev deg høve til å gå vidare på kursstigen til padleforbundet. Kostnaden her er 1500 kroner, og medlemssavgift til padleklubben på 500 kroner i tillegg (om du ikkje alt er medlem).
Påmelding via e-post til info@havstrilpadleklubb.no
Når du har gjennomført kursa har du tilgang til ein av Noregs beste havkajakkflåtar og premium utstyr utan ekstra kostnad. Padleklubben har alt utstyret du treng for å vera med på kurset (du treng berre ta med klesskifte, klede tuk på ha under tørrdrakt, ein matbit og noko å drikka).



Leave a Reply