
Hans-Petter Bjånesøy var den ivrigaste av dei ivrigaste på trimturane i sommar. På klubbkvelden denne veka fekk han diplom som årets trimpoengmeister, samt at han var heldig å vinna middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri i konkurranse med ekteparet Kersti og Odd Arne Østervold. Alle tre hadde besøkt samtlege 50 turmål i konkurransen.
Padleutstyr for kroner 2 500 vart vunne av Stine Skalmerud. Vinnaren vert kontakta.

Det var trass eit par seine forfall ein godt besøkt klubbkveld, der me hadde invitert Cato Risløw og Ingrid Algrøy Sæle til å føredra om havpadling på våre breiddegrader – og overraskande nok ikkje klatring av høge fjelltoppar (Cato kom seg på toppen av det høgaste av alle i sommar, og har mange av dei andre på CV frå før). Padle- og lærarkollegane frå Øygarden fortalde på dynamisk og lærerikt vis om opplevingar og motivasjon, rekruttering, med meir.

Bekkjarvik gjestgiveri serverte smakfull fish n chips. Nett som me hadde vore i Grimsby, eller kanskje vel som det.



Leave a Reply