Storebø skule på besøk

IMG_9221
Ein knapp tredel av dei som fekk padla frå Sveholmen.

Tradisjonen tru besøkte sjuandetrinnet frå Storebø skule Sveholmen for å prøva seg i kajakken, som ein lekk i avsluttinga på barneskulen. Totalt fekk 37 ungdommar padla rundt holmen, prøva ut framdriftstak, laga flåta (nokon gjekk på han òg) sitteteknikk og leika med innsamling av små plastballar.

IMG_9215
Vått og kaldt og steinbit overalt?

Trass smått ufyseleg vêr – regnet tok aldri slutt – vart det stort sett berre smil og lått å spora blant dei unge. I år tok faktisk heile trinnet utfordringa i båtane.

Takk for besøket!

Trond og Øystein

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading