Bylgjeskvulp og flatt stovegolv

This slideshow requires JavaScript.

13 havstrilar, inkludert to aktivitetsleiarar, sette baugane ut frå Sveholmen i 19-tida torsdag. Me padla over ein turkis Horgefjord, der me kunne sjå at havet retteleg knuste mot svaberga på Horgo. Kvitt eller ei, me var samde om å padla på utsida av øya.  Det vart å jobba med hoftene mot Horgekalven, men ein kvilepuls då me sugde inn mellom hovudøya og avkommet hennar.

Det vart endå meir livat på vegen inn mot Vaulo. Skumflak på overflata, refleksbylgjer og brøl når draget bruste mot klippeveggjane. Padlarane måtte konsentrera seg, utan at det vart for krevjande. Så padla me inn i Vaulo, der det var heilt stilt. Berre nokre små pip frå sjøfuglane medan fjøra senda store mengder vatn ut og ålegraset låg stritt. Så tok me oss ein pause på bryggja til, dykte, drakk og åt det me hadde teke med oss av forsyningar, før me bar kajakkane den 45 metrane frå Vaulo til Austrevågen.

Derfrå padla me roleg heimatt til Sveholmen. Me padla 12,3 kilometer på akkurat to timar og 30 minutt, pluss den innlagde pausen på Horgo.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s