Kjekt på fullt grunnkurs UNG

This slideshow requires JavaScript.


Foto: Kersti Østervold

Torsdag og fredag denne veka har det vore full aktivitet på Sveholmen med grunnkurs Ung. I fantastisk sommarvêr og behageleg badetemperatur, var rammene for kurset heilt topp. Ti unge padlarar fekk innføring i padleteknikk, ein del leik i kajakk, samarbeidøvingar, balanseøvingar og bading med kajakken.

Dei fikk øvd mykje på eigen- og kameratredning sidan dei var veldig ivrige på å bada. Siste dagen hadde me ein liten utflukt rundt Spissøy med fokus på sikker padling og annan sjøtrafikk. Me var innom Bakkastraumen, der det blei eit lite strandhogg og bading, før turen gjekk til nørbtikken og ein velfortent is før turen gjekk attende til Sveholmen. Her blei det meir bading med kajakk og avslutting med hopp og salto frå brua.

Etter at oppryddinga var unnagjort var det ti stolte nye våttkorteigarar. Takk for flott innsats dei to dagene. Håper me sjåast i kajakken snart.

André

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s