
Havstril pk skal òg denne sommaren ha trimpoengturar, med avpadling 1. juni klokka 00:01. Me har alt fått tips om ein stad der du kan stupa ut i og kjenna deg som du sym i prosecco eller champagne. Den staden skal me sjølvsagt ha med.
Me er særleg på jakt etter vikar, vågar, små sund og stadar som ofte er i livd eller ein òg kan gå i land nær og kosa seg. Me vonar sjølvsagt òg på gode premiar frå næringslivssponsorane me vanlegvis spør.
Send tips til info@havstrilpadleklubb.no eller kommenter på Facebook-innlegget vårt. Me ventar ein del bøker av andre opplaget av Padleturar i Bergensområdet, me loddar desse ut blant dei som har med bidrag me “brukar i konkurransen”