Med raud solskive på tur

Sjeldan har sola vore ein slik mild følgjesven på padletur.

Me var fem havstrilar som stakk åra i blåmyra på Stranda ved Spissøy torsdagen. Trass den blågrå disen, dirra det ei svak kjensle av vår i lufta då me nærma oss sørpynten av øya, og sola vart filtrert gjennom mange lag og likna mest ein fjern måne der ho duppa djupare og djupare ned over gneis-knausane over Skansen.

Me padla ikkje så langt, berre 6,5 kilometer, og kom oss akkurat inn til Sveholmen igjen då det byrja gå frå blått til svart.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s