
Det er gått ti år sidan Havstril padleklubb vart stifta. Me mimrar litt:
Det byrja med at lokalavisa intervjua ein ny kommunelege. Ulf Hørlyk heitte han, og lanserte tanken om at Austevoll, ja Austevoll burde ha hatt ein havpadleklubb.
Underteikna likte tanken, ettersom eg allereie hadde teke grunnkurs hos Bergensstudentenes idrettslag, BSI, og hadde kjøpt meg eit stort drog av ein ekspedisjonskajakk som eg padla kringom.
Etter nokre grunnkurs me arrangerte utan nokon klubbparaply med hjelp av Njord (som var ein slags kursforløpar av God tur), vart tanken såpass konkret at det vart invitert til stiftningsmøte under parasollane på Bekkjarvik gjestgiveri. Datoen var 5. juli 2006.
Ulf sjølv hadde legevakt, og svinga berre såvidt innom. Eg tippar likevel at han vart overraska over oppmøtet på terrassen. Eg minnast me var seks-sju personar, og me sette saman med interimstyre og vedtok jomfrutur dagen etter.
Som sagt, så gjort og me var ti-elleve padlarar som sette ut frå Beinskrokjen og med til dels kraftig motvind måtte slita oss på utsida av Drøno. Der møtte me ein annan padlar, Rune Hugøy, som kvitterte med at han òg ville verta medlem. Så snart kontoen vår var oppe og gjekk betalte han kontingenten, og vart såleis medlem nummer éin.

Etter ti saumfulle år har me kursa fleire hundre austevollingar i grunnleggjande tryggleik og padleteknikk, me har innteke Sveholmen og etterkvart fått vårt eige klubbhus. Me har hatt eit ujamt, men til tider godt ungdomsarbeid.
Frå starten har lokalt næringsliv (særleg kan me nemna Austevoll Seafood og no avdøydde Ole Rasmus Møgster, Austevoll kraftlag og DOF) og Austevoll kommune som viktige bidragsytarar i utviklinga av den nye aktiviteten vår.
På det meste har me hatt over 130 betalande medlemmar i eit og same kalenderår, og hatt mange kjekke aktivitetar.
På torsdag 7. juli feirar me 10-årsdagen. Vert gjerne med!