Referat styremøte, 9. august 2016

Stad: Austevoll kraftlag, kl 20:00 Desse møtte: Geir Bergflødt, André Hole, Åse Hauge, Stina Nordbak og Trond Hagenes (ref).

Skjermbilde 2016-08-09 kl. 14.09.22

Sak 14/16 Klubbøkonomi

Lånet er innfridd. Leiar informerte om relativt grei likviditet, og om auka interesse for introkurs samanlika med 2015. Medlemsmassen er dermed i vekst, og ligg p.t. på 116 betalande medlemmar.

Innkommande sponsormidlar frå Austevoll Marine Group og Odin Group hjelper ytterlegare.

Når idrettsmidlane kjem på plass, vil me tinga inn tørrdrakter. Styret vart samd om å elles ha ein konservativ pengebruk ut året.

 

Sak 15/16 Klubbhus

Ambisjonsnivå: Å leggja til rette for å skapa Sveholmen og klubbhuset til ein levande møteplass. Til det trengst det samhandling med potensielle sponsorar. Prospekt og visjon må leggjast ved søknadar, t.d. rett til Gjensidigestiftelsen. Målet er ikkje ei kysthytte, men ein stad der me kan halda teoridelen av kurs, ha samankomstar, eller tilby overnatting ved kurs, besøk eller til lokale og regionale samarbeidspartnarar.

Setja i stand garderobedelen med dusjkabinett, benkar mm. er eit naturleg mål tidleg i 2017.

 

Sak 16/16 Ymse

Breiare klubbtilbod: Seniorpadling. Kan utløysa synergiar i klubben med ei aktiv gruppe av eldre ressursar. Padling har openberre helsevinstar, er ein sosial aktivitet. Me etablerer kontakt med seniorar.

UNG-padling. Kva med ein Ta med ei venninne/kamerat-dag i staden for kurs for å fengja interessa?

Potensiell arbeidstrening: Er det interesse frå NAV Austevoll, kan delar av rehabiliteringsarbeidet i andrehøgda gjennomførast i samarbeid med etaten.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s