
Me var fire havstrilar som sette ut frå brygga nokolunde til avtalt tid torsdagen. Om sola skein, beit nordavinden med ein sibirsk tanngard, så det vart godt å ha både tørrdrakt og ei god og varm vinterhue med på turen. Med tanke på lovnaden om lågterskel, la me turen nokolunde i livd, og kryssa sør om Spissøy, gjennom dei tronge sunda ved Nautøy, over til Hilleøya, som framleis framstår fascinerande, med forfall og villniss. Kva kunne ikkje ei massiv dose kjærleik og nokre rundhanda slantar kroner gjort her?
Me støytte på grågås over alt. Dei spede para som hekka på haugane ved Hille for nokre år sidan er blitt mange. Me trur at me til og med har hatt hekking på Sveholmen eitt år. Om ein ser bort frå all avføringa og eventuell beiteskade, er dei store fuglande eit høglytt og kjekt bekjentskap på padletur.
Totalt padla me nærmare åtte kilometer denne torsdagen. Heilt greitt på våren, når kveldane enno er korte. Om ei veke er det pause i torsdagspadlinga. Då er det årsmøte i staden.