Måndag 21. juni møtte 15 ungdommar opp på Sveholmen, klare for Havstrils sommarpadleleir. Hovudmålet for desse tre dagane var å bli trygg i kajakk, utvikla padleteknikken å ha det kjekt i kajakken. Deltakarane gikk på med godt pågangsmot og det tok ikkje lange tida før spørsmålet kom opp: «Når kan me bada?» Med overskya og ein frisk nordavind var diverre ikkje varmen på vår side, så etter ein del bading, velt og leik i kajakkane vart det ein kald affære.
Heldigvis kom da dei nye padlejakkane til klubben godt til rette i vinden, noe som gjorde det lunare etter lunch. Vinden var framleis ei utfordring tysdagen, denne gang i styrke. Det var tydeleg at ungdommane hadde lært ein del etter fyrste dagen. Kajakkane kom seg på vatnet av seg sjølv og dei hoppet på sjøen ein etter ein. Denne dagen var me trass av vinden, to turar rundt Spissøy, der deltakarene fekk kjenna på motstrøm og vind og motsatt då me padla andre vegen.
Me fant oss ei fin vik som lå i le på sørsida av Spissøy, der me trente på teknikk og hadde ein planlagd massevelt. Alle kom seg opp i kajakken igjen på eigenhand eller med hjelp frå nokon andre, før me padla oss tilbake til klubbhuset og avslutta for dagen.
Dag tre av leiren tok me oss nok ein padletur. Då hadde vinden løya, og det var flott sommarvêr. Me gjekk sør om Spissøy og på veg mot Bakkasundet fann me oss ein plass, der ungdommen fekk klatra opp og hoppa frå berget. Alt frå tre til fem meter vart det hoppa frå, med god stil. Turen gjekk videre til Bakkasundet og gjennom straumen før me padla tilbake til Sveholmen. Her hadde mor til Sina og far til Marlene fyrt opp grillen og det ble servert pølser til lunsj. Sola skein og ungdommane koste seg. Etter lunchen blei det leik og moro, nokon med vasskrig, andre leika seg i kajakk og nokon tok seg ein runde på SUP-bretta til klubben. Det var tre innhaldsrike, kjekke og fine dagar i kajakk for ungdomane, som no har blitt tryggare og meistrar kajakken på ein god måte og deltakarene som ikkje hadde våttkort frå før, har no fått dette. Ein ekstra takk til Odd Arne som var med og bidrog i kajakken og passet på undervegs.
Takk for tre flotte dagar. Me sjåast i kajakken.
Tekst: André Hole Foto: Odd Arne Østervold
Ein særleg takk til Gjensidigestiftelsen, som gjorde innkjølp av heilt naudsynt padleutstyr for sommarskulen mogleg. Den same takken går til Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond, som òg gjorde det mogleg å handla inn mellom anna to nygamle kajakkar og dekke kurskostnadar.