Havstril padleklubb

Havstril padleklubb

  • Om
  • Kajakkane
  • HMS-plakat
  • Padleboken
  • Kontakt
  • Innmelding

Nyhende og aktivitetar

Her finn du informasjon om klubbaktivitetar frå kurs til padleturar.
  • Vil du melda deg ut eller inn?

    Me skal straks i gang med å senda ut medlemspengane og oppdatera medlemsregisteret. Er du medlem, men ikkje ynskjer å halda fram, kan du melda deg ut enten via minidrett.no (krev innlogging) eller bruk e-post info@havstrilpadleklubb.no og informer oss om det. Motsett, om du ynskjer å bli medlem, meld frå om det òg.

    April 30, 2022
  • Tips til trimpoengstadar

    Havstril pk skal òg denne sommaren ha trimpoengturar, med avpadling 1. juni klokka 00:01. Me har alt fått tips om ein stad der du kan stupa ut i og kjenna deg som du sym i prosecco eller champagne. Den staden skal me sjølvsagt ha med. Me er særleg på jakt etter vikar, vågar, små sund […]

    April 28, 2022
  • Avlyst: Torsdag frå Juthola

    For lite påmelding til å arrangera klubbpadling i dag.Me padlar frå Juthola denne torsdagen. Me tek ein lågterskeltur frå klokka 19:15. Påmelding via denne lenken (påmelding er avslutta). Om nokon kan hjelpa til med hengjaren, gje ein pip med SMS på 98874253.

    April 25, 2022
  • Eitt bilete – ein tur

    April 22, 2022
  • Torsdagspadling: Sveholmen likevel

    Me padlar frå Sveholmen likevel denne veka. I båtane til 18:30. Det er strålande vêr, kanskje rekk me over Horgefjorden om vêret held seg? Påmelding (lenk).

    April 17, 2022
  • Avlyst: Goddo andre påskedag

    OPPDATERING 17/4/22: Me har vore uheldig med vêret, og det er meldt i overkant mykje vind andre påskedag. Me prøvar å skvisa inn Goddo ein annan dag i løpet av sesongen. Havstril inviterer til påsketur for røynde padlarar: Goddo Rundt. Det er ein tur på om lag 25 kilometer: Ferje frå Husavik kl 09:00. Sandvikvåg […]

    April 10, 2022
  • Avlyst:Tysdagspadling i påskeveka

    Denne hendinga er avlyst. Aktivitetsleiaren må kasta inn handkledet. Me padlar frå klubbhuset tysdag 12. april i påskeveka. Påmeldingslenk via Padleboken. I båtane til 18:15.

    April 10, 2022
  • Glimt frå ein pust på havet

    Me var fire havstrilar som sette ut frå brygga nokolunde til avtalt tid torsdagen. Om sola skein, beit nordavinden med ein sibirsk tanngard, så det vart godt å ha både tørrdrakt og ei god og varm vinterhue med på turen. Med tanke på lovnaden om lågterskel, la me turen nokolunde i livd, og kryssa sør […]

    April 4, 2022
  • Årsmøte torsdag 7. april 2022: Saksliste og vedlegg

    March 31, 2022
  • Torsdagspadling frå Sveholmen

    Ny torsdagspadling frå Sveholmen. Påmelding via padleboken.no.I kajakken til klokka 18:15.

    March 27, 2022
←Previous Page
1 2 3 4 5 6 … 17
Next Page→

Havstril padleklubb

Proudly powered by WordPress

  • Follow Following
    • Havstril padleklubb
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • Havstril padleklubb
    • Edit Site
    • Follow Following
    • Sign up
    • Log in
    • Report this content
    • View site in Reader
    • Manage subscriptions
    • Collapse this bar