Author: Havstril padleklubb

  • Klubbtur frå naustet

    Me køyrer årets fyrste torsdagspadling den 24. mars. Vêr og vind avgjer kvar me dreg. Påmeldingslenke (hugs du må registrera deg på padleboken.no)

  • Årsmøte torsdag 7. april på Austevollbadet.

    Havstril har utsett årsmøtet vårt grunna manglande dokument frå ein tredjepart. Datoen er no stadfesta til 7. aprl klokka 19:30. Me skal i 2022 ha årsmøtet vårt i Frivilligsentralen i Austevollbadet. Me legg ut saker og vedlegg etterkvart som dei vert klare, me oppdaterer filene fortløpande på Facebook-sida vår, men ser for oss å komplementera […]

  • Årsmelding 2021 Havstril padleklubb

    Også 2021 vart på mange måtar kraftig påverka av pandemien. For dei fleste padleklubbar betydde det sterk auke i introduksjonskurs og utskriving av våttkort. Slik var det òg for Austevolls padleklubb. Me hadde 66 medlemmar på ordinære introkurs, der mange av dei som deltok hadde tilknyting til Austevoll i form av fritidsbustadar og liknande. Dermed […]

  • Klubbkveld med reise til kajakkens heimland

    Dryge dusinet havstrilar og andre gjestar fann vegen til klubbkvelden i Austevollbadet. Me vart med på reise til fjordane sørvest på Grønland og fekk delt ut premiane i årets trimturar. Elisabeth Hatteberg fekk att pengar frå den planlagde Barcelona-turen saman med ektemannen sommaren 2020. I staden for turen til Katalonias hovudstad gjekk alle grunkane i […]

  • Klubbkveld med Grønland-fokus

    Torsdag 25. november 2021 klokka 20:00 på Austevollbadet. Havstril inviterer til klubbkveld med føredrag om åreleik og ekspedisjon på Grønland ved Elisabeth Hatteberg frå Tysnes. I tillegg blir det trekning av premiar i Trimturane i år, hovudpremien er sponsa av Bekkjarvik gjestgiveri, med eit flott gåvekort på padleutsyr på 2 000 kroner sponsa av Austevoll […]

  • Referat styremøte i padleklubben

    Torsdag 21. oktober 2021 – Austevoll folkebibliotek kl 19:00 Møtt: Rune Hevrøy, Møyfrid Dietz, Trond Hagenes (referent) og Kersti Østervold (vara) Forfall frå Heidi Lorgen. Sak 12/21 Justeringar av kontingentar 2022 Idretten forlangar no at all kontigentfakturering skal gå gjennom godkjende system. Det gjer at me kan måtta gjera justeringar i mellom anna introkurs + […]

  • Padlelosar, svaksynte og blinde på ny kurs

    Korleis er det å padla når du enten ser dårleg eller er heilt blind? Dette vart eit spørsmål som den nye padlelosane i Havstril padleklubb fekk tyggja litt på helga me hadde kurs for dei. Mykje handlar om å ha eit felles språk, for eksempel er det lettare å sei padla høgre, meir høgre enn at me skal […]

  • Ti til Fitjarøyane

    Nokre stadar opnar terrenget seg, der du sjølv på kort avstand kanskje ikkje skulle tru det kunne det, og eit sund som berre rommar ein kajakk opnar seg opp. Ved Siggjo er ein slik kanal. Me padla smått mållause gjennom det tronge sundet, som er vendt mot nordvest. Det fyrste eg såg var den umiskjennelege […]

  • Kurs på onsdag – Tur på torsdag

    Denne veka er det introkurs ved André på onsdagskvelden – ber om at klubbutstyret er på plass i naustet om kvelden. Torsdag er det padling frå Sveholmen – i kajakkane klokka 18:30. Hugs å melda deg på via Facebook-arrangementet eller per SMS 988 74 253.

  • Skår/Vestviking-kaien på torsdag

    Me padlar Skårasundet, Krossøy og kanskje nokre av øyane ved Hufthamar. I kajakkane til klokka 19. Om du ikkje er på Facebook og trykkjer “deltek” på hendinga, send SMS 98874253 og meld deg på.