Author: Havstril padleklubb

  • Dugnad onsdag – klubbpadling torsdag

    Det vert dugnad onsdag denne veka frå klokka 18. I fyrste rekkje rydding i og utanfor klubbhuset. Torsdag er det padling frå naustet. I kajakkane til klokka 19. Påmeldingslenke.

  • Ferske havstrilar og veteranar på Horgo-tur

    Me var seks havstrilar, frå dei heilt nyinnmelde til superveteranar som klubbens grand old man (og då meiner ikkje leiaren seg sjølv) som sette ut frå klubbnaustet på torsdagen. Me glei ut til Svartskjeret, dei av oss som har heve oss på trimpoenga noterte oss for poeng. Skjeret som det ofte bryt rundt etter uvêr […]

  • SMS til leiaren? Send igjen!

    Havstril-leiaren har mista gamle mobilen sin, så dei som har meldt på ungdommar og barn til sommarskulen via SMS – kan De vera så snille å senda endå ein gong? Bruk framleis 98874253 eller e-post info@havstrilpadleklubb.no.

  • Glimt frå Heimarkpollen

    Havstrilane hadde ein aldeles utmerkt tur på torsdag, trass litt regn som aldri betyr så mykje når me fyrst har drege på oss tørrdraktene, padla me i veg og utforska mange av krinkelkrokane i Heimarkpollen. Me bisna på båtbyggjarstaden Slorkjen, glei gjennom Småstraumane (der dei fleste av oss logga trimturpoeng), før vatnet som skulle ut […]

  • Sommarskule med padling, bading, vassprut og sprell

    Ungdomsskulealder: Torsdag 23. og fredag 24. juni. Barneskuleadler over 11 år: Måndag 27. – onsdag 29. juni dagtid. Havstril padleklubb tilbyr i samarbeid med Gjensidigestiftelsen gratis sommarskule, like etter at skulane har teke ferie. Me delar opp i to grupper, etter alder. Det trengst ingen forkunnskapar, men deltakarane må vera symjedyktige. Havstril stiller med alt […]

  • Torsdag 2. juni padlar me frå Vassverket

    I båtane til klokka 18:30 – Kersti og Odd Arne hentar kajakkar på Sveholmen klokka 17:30. Vil du bli med, meld deg på her.

  • Trimpoenga startar 1. juni

    Alt i dag kan du melda deg på trimpoenga i sommar. Dette er ein konkurranse med seg sjølv og andre om å registrera deg på flest mogleg av perlene me har merka av i applikasjonen. Å lasta ned applikasjonen er gratis, men me har ein symbolsk påmeldingsavgift på 100 kroner, som i alle fall dekkar […]

  • Torsdagpadling frå Sveholmen

    Padling på nordsida, i kajakken til klokka 19. Påmeldingslenke.

  • Kjekt og lærerikt fyrstehjelpskurs med Raudekrossen

    Torsdagspadlinga vår var denne veka bytta ut med fyrstehjelpskurs, med fokus på det som mest truleg kan møta oss på sjøen: Drukning, hypotermi og skadar. Alexander MacKenzie frå Raudekrossen på Laksevåg viste seg å vera ein engasjerande og humørfylt kursleiar, trass i eit alvorleg tema. – Me vonar sjølvsagt at me aldri får bruk for […]

  • Velkommen til Havstrils minifestival 14. – 15. mai

    I samarbeid med Turholm kajakk har me utforma dette programmet for årets minifestival. Det er inretta etter ulike ferdogheitsnivå, der andre økta laurdag er skreddarsydd dei komande aktivitetsleiarane våre. Økt 1 Laurdag 14. mai kl 10:00–14:00 Turnavigasjon, planlegging og padletur. Ope for alle, men krev medlemsskap og avlagt introkurs. Påmeldingslenken. Økt 2 Laurdag 14. mai […]