Author: Havstril padleklubb
-

Me padlar i finevêret på torsdag. Me ser an vêret ein smule, men det ser ut som ein særleg fin dag å padla til Sengane og Nordre Navvågen. I kajakken til kl 18:00. Du kan låna tørrdrakt av klubben om du ikkje har. Påmeldingslenke.
-

Me har hatt tidleg etterspurnad etter introkurs i vår. No som våren er komen, er det slett ikkje så rart. Introkurset er meint som ein smakebit på padlinga me driv med, med lett innføring i teknikk og sikkerheit. Kurset går på Sveholmen, kostar 500 kroner, men krev at du samstundes løyser medlemsskap på kroner 750,-…
-

Odd Arne Østervold inviterer til lågterskeltur frå Sveholmen. Me har tørrdrakter til lån i naustet, men du må sjølv ha med deg isolerande plagg under. Hugs at du må kle deg for temperaturen i sjøen, der det enno er kaldt. Påmeldingslenken finn du her.
-

Formelt sett har me starta sesongen for torsdagspadlingar. MEN vêrmeldingane må vera nokolunde i vater før me legg ut frå Sveholmen. Slik var det ikkje førre veka, og slik ser det ut til å ikkje verta denne veka, heller. Me kjem attende med detaljar når vêrgudane spelar litt på lag.
-

Me inviterer til padletur i påska. Skjertorsdag padlar me frå Sveholmen, gjerne i retning Horgo eller kystturhytta, alt etter forholda. Me satsar på ein beinstrekk under vegs, ta med kaffi, solbærtoddy og noko å bita i. Dreg me til Kystturhytta, kan me fyra litt i omnen der. Me padlar klokka 11, så møt opp tidsnok…
-

Padleklubben har booka rorbu på Bømlo helga 22.-23. august. Det gjer me får å padla i dei vakre kanalane på øya, Røyksund- og Kuleseid-kanalane, som skjerer midt gjennom øya for for oss. Me tek sikte på å dra frå Husavik med 09-ferja på laurdagen. Kostnad blir 250 for overnattinga. Påmeldingslenke. Takk til Finn Bakke for…
-

Me fekk endeleg opna hytta på Skårasundholmen, fekk sett opp to skilt med padleruter ved Sveholmen og Bekkjarvik, medan resten av aktiviteten vår vart gjennomført nokolunde på same nivået som året i førevegen. Havstrilstyret i 2025 bestod av Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Katrine Hausberg (medlem), Doris Bakke (medlem) og Elise Drønen (medlem/ungdomsrepr.). Etter…
-

Havstril pk-styret kunngjer med dette at årsmøtet 2026 vert avhalde torsdag 12. mars klokka 19:30. Stad: Frivilligsentralen, Austevollbadet. Me diskar opp med nokre pizza og drikke frå Casa Mia. Forslag til behandling ynskjer me i hende innan 12. februar 2026. Dei kan sendast til info@havstrilpadleklubb.no
-

Me inviterer til nyttårspadling i fine forhold. Sundag kl 11:30 frå Sveholmen. Me ser forholda litt an, men ta med deg noko varmt å drikka og litt niste. Påmelding seinast laurdag 3. januar klokka 12:00
-

